Slovakia, dag 3: Meir gamlebyen og Bratislava slott

Saman med Linda og Valda frå valnemnda i ACTIVE tok me oss ein tur for å få litt betre oversikt over Bratislava.

Utsikta fann me ved Bratislava castle, som ligg 84 metar over elva i byen.
I turistbutikken ved slottet fann med eit postkort med ei blå kyrkje som motiv. Det fann me so interessant at me spora opp kyrkja, og sjekka om ho var blå inni (det var ho).
I tillegg rakk me både varm sjokolade og sushieting. På kvelden vart hotellet invadert av seminardeltakarar, og miniferien er no på ein måte over. Snart kjem det meir om kva som er programmet for veka.
Slovakia, dag 2: Gamlebyen og sjokolade
ACTIVE-seminaret byrjar fyrst i morgon kveld, so etter frukost tok me trikken inn til sentrum av Bratislava. Me registrerte rimeleg kjapt at det var før klokka ti på ein søndag, og det meste var ikkje opna. “Heldigvis” kunne me ta ein kaffi på McDonalds, og leggje planar for dagen og vente på at ting skulle opne.

Liv leitar etter fine stadar me kan dra til.
Me fann ut at i dag var ein fin dag for å gå på kafé og sjå gamlebyen. Der er det mange, fine hus og kyrkjer. Etter kvart fann me ein “sjokoladebar”, som fort vart favorittstaden vår i Bratislava.

På sjokoladebaren hadde dei makronar og mykje anna godt.
Der var det fullt mogeleg for dei med mjølkeallergi å få noko godt.

Himmelsk: Ein kopp smelta, rein sjokolade (utan mjølk i!), eit lite glass krem, eit lite glass vatn, og ein kjeks.
Elles vandra me mykje rundt på måfå, av mangelen på eit godt kart. Men det viste seg at gamlebyen er ganske liten, og veldig grei å få oversikt over. I morgon skal me forsøkje å vitje Bratislava castle.
Til slutt, eit bilete av HC Andersen som statue (eller noko frå eit av eventyra hans. Me er ikkje so flinke i slovakisk).
Slovakia, dag 1: Ankomst og jordber i eske
I dag tidleg reise Liv og eg til Bratislava i Slovakia. Bakgrunnen for turen er at me ynsket å gi ACTIVE-styret ei oppdatering på korleis arbeidet med Experience 2010 går. Styret har møte her i helga, og neste veke skiper ACTIVE til eit seminar. Me såg rett og slett sjansen til å utvide horisonten, lære noko og tilbringje ti dagar i Slovakia.
Reisen via Praha gjekk for seg utan større dramatikk enn at det eine hjulet på trillekofferten til Liv var smadra då me kom til Bratislava noko som gjorde kofferten mindre mobil, og eigaren litt mindre blid. På flyet frå Praha møtte me Emilie i ACTIVE-styret, og saman fann me vegen til hotellet ved hjelp av god reiserute og kalkulert, vill gjetting (- Sjå, der går det skinner! Me går av bussen her!).
ACTIVE-styret fekk ei grundig orientering, og mange spørsmål vart stilt og svart. Etterpå var me litt reduserte, og svoltne etter reisen. Eg stakk på ein ekspedisjon etter ein butikk som ikkje var Rema 1000 (som stengjer to på laurdagar her i landet).
Liv har vorti allergisk mot mykje i det siste, og ba meg kjøpe jordber om dei hadde det, for det er heilt trygt å ete. Eg fann jordber på butikken “Billa”, men berre i porsjonar på 1 kg i treesker. Eit flott mellommåltid.
No har me nettopp eti middag med ACTIVE, og skal sove snart. I morgon er planen å vere turist i Bratislava sentrum, meir om det seinare. Liv helser!
Store porsjonar jordber i Slovakia
Kvifor eg flytta frå der eg budde før

Eg seier ikkje meir…
Kindle på veg
Eg er eit ganske svakt menneske når det gjeld teknologi og andre dingar og duppedittar. I dag valde eg å tinge ein Kindle, som er “lesebrettet” til Amazon. Her er nokre av grunnane som eg brukte for å forsvare kjøpet mitt:
- Eg føler at eg les alt for lite. Å kjøpe bøker kan eg vere (altfor) flink til, men å faktisk få dei ned i sekken og lese dei, er eg ikkje alltid like flink til. Difor har eg lyst til å prøve ein ny strategi, og kva er vel betre enn å få ein dings for å prøve å løyse problemet?
- Tanken på ha med meg mange bøker på ein gong fristar veldig. Å berre kunne finne fram yndlingsboka og lese nokre sider når eg vil, høyrast fint ut. Og når du kan få klassiske bøker gratis eller billig, er det ein flott måte å byggje opp eit ordentleg bibliotek på.
- Kindle kan synkroniserast med iPhone og hugsar på kva for ei side du las sist. Eg har allereie kjøpt to bøker via Amazon.com, og ikkje mange sekunda seinare var dei på telefonen min. Det er overraskande greitt å lese bok på iPhone, og eg trur at sømlaus integrering mellom Kindle og iPhone vil synke terskelen for å lese ytterlegare.
Eg trur på ingen måte at lesebrett og E-bøker vil erstatte papirbøker. Yndlingsbøkene vil nok framleis verte kjøpt og stå i bokhylla. Men eg trur motivasjonen for å lese meir definitivt er til stades når boka du kjøper er billig, og ikkje tek opp plass i pappeska når du flyttar, og det er enkelt. Som Apple-fan med både iPhone og MacBook skulle ein kanskje tru at eg ville gå for ein iPad. Det er nokre grunnar til at eg ikkje gjorde det:
- Eg har enno til gode å verte overbevist om at eg treng ein iPhone med stor skjerm, utan telefon. Ja, utviklarar kan utan tvil lage meir spennande programvare med større plass å boltre seg på, og ja, programma ser vakre ut. Men når iPaden vil vere like “lukka” som ein iPhone er det berre ikkje interessant for meg. Eg er veldig glad i iPhonen min, men skulle gjerne hatt like mykje tilgang som eg har på MacBooken min.
- Det eg primært ynskjer å bruke ein slik dings til er å lese bøker. Og sidan det på ingen måte ser ut som det vert bøker på iPad i Noreg med det fyrste taper iPad grundig overfor utvalet til Amazon.
Om alt går bra burde pakken frå Amazon verte levert om nokre dagar, eg gler meg veldig til å kome i gong.
For Norge, Kiempers Hybelland
I det siste har det vori mange innlegg om MOTIV, for det er ganske intensivt når det er i produksjon. Men det betyr ikkje at det ikkje har skjedd andre viktige ting i det siste. Til dømes har eg funni meg ein ny stad å bu (føler at eg har hatt denne samtala før). Denne gongen skal eg flytte til kjende traktar, eg har nemleg fått ein hybel i Nordahl Brunsgate 22.
Den som er god i Oslo-geografi veit at Nordahls Bruns er rett ved Oslo katedralskole, ein stad eg brukte ein heil del tid i tri år. Det er jo ikkje noko anna enn passande at det i området rundt Katta er veldig mange gatar som har namn etter røynde diktarar og forfattarar. Det største verket Johan Nordahl Brun var nok utan tvil Noregs fyrste uoffisielle nasjonalsong, “Norges Skaal” eller kjent som “For Norge, Kiempers Fødeland”. Ein interessant versjon er mogeleg å høyre på Spotify.
Hybelen eg skal leige er i huset til Bygdelagssamskipnaden i Oslo og Akerhus, som er eit fylkeslag i den flotte organisasjonen Noregs Ungdomslag, som igjen har nære band til målrørsla. Det følast nesten litt som å flytte til gamle kjende. Eg har enno ikkje fått flytta heilt inn, men reknar med at det vert ein gong i neste veke (etter Juventeskulen praktisk nok). Bilete kjem!
Trykkeriet mitt
Eg har eit trykkeri. Eit trykkeri eg er meget glad i. Dei trykkar opp MOTIV for meg, og dei gjer det effektivt, raskt, og ikkje minst viktig, dei gjer det veldig rimeleg. Difor er det ikkje rart at eg er so glad i trykkeriet mitt.
Det er ikkje so vanleg at eg høyrer noko frå dei. Eg sender dei eit straumbrev om når neste MOTIV skal ut, og når eg har bladet klart til trykk, får dei filene tilsendt. Nokre veker seinare kjem det ein faktura i posten. Slik går for det meste kommunikasjonen oss i mellom.
Difor forstod eg i dag, då eg såg på telefonen at trykkeriet mitt hadde prøvd å ringje meg, at det ikkje lova godt. Det viste seg at maskinen dei brukar til å adressere ting, hadde fått ein svikt. Sånn halvvegs i adresselista som eg hadde sendt dei, hadde ting slutta å fungere. Med andre ord, berre halvparten av dei numra som skulle sendast, har vorti adressert. Restopplaget, som no er på 1100 eksemplar, står på kontoret.
Eg er veldig glad i trykkeriet mitt. Og ser veldig fram til morgon, då eg skal få litt nærkontakt med lesarane av MOTIV. Medan eg klistar på adresselappar på rundt 500 MOTIV.
Framsida på MOTIV #1.10
Eg er so nøgd, og stolt over denne framsida. Neste veke burde MOTIV #1.10 kome til kontoret, og eg gler meg omtrent like mykje som då eg var nyutnemnt redaktør og venta på det fyrste nummeret mitt frå trykkeriet. Stor honnør til fotograf Øyvind Kind Robertsen.
MOTIV #1.10
Etter ei hektisk siste veke, med 12-timarsdagar på kontoret og eit fokus på ikkje noko særleg anna enn MOTIV, leverte eg endeleg i dag artiklar og bilete over til grafikaren min. Det følast veldig godt, og grunnen til at det var vorti utruleg mykje jobb denne gongen er at nummeret vert veldig bra, eg ser veldig fram til å sjå det endelege resultatet. No har eg roa over meg igjen (som eg ikkje like fullt hadde då eg var på kontoret klokka åtte i dag og gøymte meg på det tomme rekneskapssekretærkontoret for skrive ferdig i fred) og presenterer her noko av kva ein kan glede seg til i MOTIV #1.10:
- Temaet er lag, og seks sider er viet til artiklar om lokallag.
- Oppdatering på vår lokalpolitiske kampanje: Skjer det noko?
- Oppsumering av Hvit Jul (inkludert bilete av ein IOGTar i Drammenselva)
- Bilete av og info om dei nye tilsette på kontoret
- To sider fulle av stoff om Experience 2010
- Intervju med lagsleiaren i eit nyoppstarta lag
- Ny spalte: Motivet, som intervjuer interessante personar utanfor Juvente. I dette nummeret er det Juba-leiar Dag Endal som står for tur (biletet av han er fantastisk!)
- Hogne reiser til London
- Skuleringssnytt: Regionale skuleringar og Juventeskulen 2010
- MOTIV-skolen viser deg korleis du får medlems-T-skjorte i 2010 likevel!
- Ny spalte: MIKS (MOTIV Informerer og Kommer med Smånytt og snadder). Gler meg veldig til å sjå reaksjonane på denne.
Og på baksida vil du finne påmeldingsskjema for Experience 2010. Du kjem, vel
Kontoret mitt
Det er seint, MOTIV er enno ikkje ferdig, eg har vori her litt for lengje i dag, og då er det vel ikkje noko meir passande enn å skrive litt om det nye kontoret mitt. I og med at dei to nye prosjektleiarane i Juvente skal dele kontor, måtte eg ut av mitt store, særs rotete kontor (ikkje mi skuld) og inn på eit mindre, og relativt tomt kontor. No har eg vori her ei lita stund, og byrjar å verte ganske nøgd med det. Det eg har på kontoret mitt no:
- Regulerbart skrivebord, med to datamaskinar og to skjermar, telefon og litt ymse ting
- Toseters sofa (med tri stasjonære PCar lagra under, kontoret mitt er òg IKT-lager nemleg)
- Stort skap/hylle med diverse datautstyr, permar, bøker, filmar og alt anna eg måtte ha lagra på kontoret
- Bladstativ (!) med samtlege MOTIV dei siste ti åra.
- Skuffeseksjon med ymse IKT-ting (frå det førre kontoret som var eit slags IKT-lager).
- Nok ein skapting med datating i.
- Store fine veggar, som eg kan hengje opp planar og lister på.
- Whiteboardtavle (som riktignok ikkje har vorti vaska sidan Eivind hadde kontor her).
Og i dag har eg til og med fått litt selskap på kontoret mitt. Liv er i ein flytteprosess, og inntil vidare har eit av akvariuma hennar endt opp på her. Og dei er faktisk veldig huggelege som selskap.




